Berekraft

«Har fisken det bra, har vi det bra»

Openheitslova

Openheitslova skal fremje verksemders respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, og sikra allmenta tilgang til informasjon. Lova pålegg mellom anna verksemdene ei informasjonsplikt og ei plikt til å gjennomføre varsemdvurderingar som skal gjerast greie for i ein rapport som blir lagd fram.

E. Karstensen Fiskeoppdrett • www.karstensen.no

Berekraftig fôr for ein berekraftig laks

For at du skal ete sunt og næringsrikt, må fisken du et, gjere det òg.

Som medlem i Salmon Group har vi arbeida spesifikt med å løfte fram nye berekraftige råvarer. Vi har stilt krav om sirkulær tankegang og råvarerespekt til våre leverandørar. Det er tatt inn algar i fôret og fjerna dei varene som må fraktast langt og legg press på naturlege ressursar. Vi har mellom anna ingen soya frå Brasil og vi har auka utnyttinga av marine produkt. Avtrykket vårt skal vere så lite som mogleg og bidra til at dei som èt fisken vår kan gjere det med godt samvit. Ved bruk av dette fôret èt laksen vår naturlege organiske komponentar som gjev god fiskehelse, og har 50% lågare karbonfotavtrykk enn anna oppdretta laks! Det er vi stolte av og laksen vår glad for.

Forebyggande tiltak mot lakselus

Lakselus er eit lite krepsdyr som er like glade i laksen som det vi er. Denne skapningen er ei utfordring som oppdrettarar langs kysten forsøker å finne ei løysing på. I forebygginga mot lakselus tek vi i bruk to hovudmetodar; laser og berggylte. Dette har ført til at vi har vore så heldige å ha veldig lave tal av lakselus i våre merder.

Den eine metoden vi nyttar er optisk avlusning. Stingray Marine Solutions sine lasarar er teken i bruk for å drive kontinuerlig og førebyggjande avlusing av laks på ein skånsom måte. Saman med Marø Havbruk har vi lasarar i merdane våre, og har nytta desse sidan 2015. I tillegg til å fjerne lakselus, overvåkar dei vekst og helsetilstanden til laksen. Lurar du på korleis det fungerar? Sjå her!

Landstraum

Vi har hatt landstraum på våre lokalitetar siden 80-tallet. Den siste lokaliteten som vart tilkobla straumnettet var lokalitet Grunnsøya. Her var det både krevande og kostbart med landstraum. Ved oppstart av denne lokaliteten i 2018, satsa vi på nest beste løysing med batteripakke levert av Fjord Maritime. Vi var først ute med denne teknologien som reduserte bruken av dieselgenerator med 20 timer. Takka vere det gode samarbeidet med Fjord Maritime og støtte frå Enova fekk vi i april 2021 også kopla denne til landstraum, og blei med det den første lokaliteten som lader batteripakka med frå straumnettet. No er alle våre lokasjonar elektrifiserte! Dette har vore med på å redusere CO2 utsleppa våre med ca 1200 tonn. Dette er eit viktig tiltak som både vi, våre tilsette, og miljøet er glade for.

Elektrifiserte fartøy

For oss er elektriske løysingar framtida. Difor er vi medeigarar i Evoy. Evoy er eit selskap som leverer verdas raskaste batteribåt. Disse båtane er perfekte framkomstmiddel og arbeidsbåtar rundt merdane våre og syter for at vi kjem oss rundt utan utslepp av fossile drivstoff.